Foredrag

Stad: Aktivitetsrommet i Sotra Arena

Hvert foredrag/innslag varer inntil ca 20 min

 

Foredragsprogram

Fredag: kl. 1700

Laurdag: kl. 1200

Laurdag kl. 1400

Sundag kl. 1200

Sundag kl. 1400

 

Program

Mestring på sjøen

Kenneth Bruvik frå Norges Jeger og FIskeforbund avd. Hordaland - Om TAM - Trygghet, mestring og ansvar

Tekslo Seafood - Om tang og tare som matprodukt

 

Grønt båtliv

Peter Heimstad - bGreen - om elektrifisering av fritidsbåtparken

Sveinung Toppe - Arbeidet med rydding av marin forsøpling i Hordaland

Kjell Magnus Økland

Kenneth Bruvik

TAM- mestring på sjøen

Trygghet, ansvar og mestring (TAM) er eit alternativt undervisningsopplegg i regi av Norges Jeger og Fiskeforbund, der dei tilbyr alternativ undervisning for elevar med ulike tilpassingsvanskar. Målet er at elevane skal trivast og utviklast i eit positivt læringsmiljø med fokus på god individuell oppfølging. Sosial samhandlingstrening er heilt sentralt i undervisninga. Trygghet, ansvar og meistring på sjøen er viktige grunnpilarar i deira samhandling med elevane. Kenneth Bruvik er TAM-instruktør frå Norges Jeger og Fiskeforbund. 

Robert og Runar Trellevik

Fredag kl. 1700: Robert og Runar Trellevik: Om tang og tare som matprodukt

Langs kysten vår finst ein underutnytta og til dels gløymt naturressurs. Tang og tare er ein av de mest næringsrike plantene på jorda, fulle av vitaminer, mineraler, kalsium og jod som kroppen trenger. Folka bak Tekslo Seafood er alle oppvaksne ved havet og drøymer om å vera med på å skapa ein mer bærekraftig klode, snu mattrendar og introdusere tang og tare til verden. Tekslo Seafood haustar viltveksande tang og tare for hand frå holmar og skjær i havgapet ved Tekslofyret, vest for Tofterøy på Sotra. Kom og bli med på prøvesmaking av spanande sjøsaker.

Runar og Robert Trellevik er to av gründerane bak Tekslo Seafood.

Peter Heimstad

Søndag kl. 1200 Peter Heimstad – Utslippsfri småbåthavn og elektrifisering av fritidsbåtparken

No er det båtfolket sin tur å ta del i det grønne skiftet. Medan bilparken er i ferd med å bli meir elektrisk for kvart år som går, henger utviklinga i fritidsbåter etter. Av landets 900 000 fritidsbåter, er 60 % motorbåter som går på fossilt drivstoff. Høyr om planar kring etablering av en utsleppsfri småbåthamn og «Den grønne leden» – eit nettverk av ladepunkter i småbåthavner langs kysten. Peter Heimstad er dagleg leiar for bGreen, eit grønt næringsnettverk i Bergen der formålet er å samle verksemder som arbeider med aktiviteter knytta til grøn energi og teknologi, eller som på anna vis arbeider for å redusera fossile utslepp.

Sveinung Toppe

Arbeidet med rydding av marin forsøpling i Hordaland

Du kan gjera ein viktig innsats gjennom å vera med og rydda strender i Hordaland. BOF legg til rette for dette gjennom å tilby ryddesekker og organisera henting av det innsamla avfallet. Sveinung vil óg koma inn på Bergen og Omland Friluftsråd si øvrige verksemd som forvaltar av meir enn 240 ulike frilufts­område i Hordalands­skjærgården. I BOF sine 12medlemskommuner finn du bade­plassar, nærtur­områder, uthamner, utleige­hytter og kyststier. Sveinung Toppe er prosjektleiar for marin forsøpling hos Bergen og Omland Friluftsråd.

Kjell Magnus Økland

Kjell Magnus Økland: Fellesnaust og båtdelering – framtidige løysingar for båtlivet?

Kjell Magnus Økland presenterer nokre visjonar som kan gjera båtlivet tilgjengeleg for fleire brukarar. Kan ein skapa lavterskel møtestader for folk i ulike aldrar gjennom å etablera fellesnaust? Kan framtida romma fleire båtdeleringar slik ein har det for bilar? Reserver båt og betal med mobilen, gå om bord ein stad og lever båten ein annan stad. Kjell Magnus Økland er dagleg leiar for Kystkultur.no!

Please reload

© 2020 Dra til Sjøs

SEND OSS DINE

SPØRSMÅL HER:

 

  • facebook